Kulturtanken skal bidra til høg kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet på tilbodet i Den kulturelle skulesekken (DKS) innan alle kunstretningar, som sampiller med læreplanverket for grunnopplæringa. Arbeidet med innhald og kvalitet i DKS skal skje i samarbeid med kultur- og utdanningssektor.
DKS skal vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging.
Kilde: Statsbudsjettet 2023 - Tildelingsbrev til Kulturtanken
Kulturtanken har sett i gang ei rekkje prosjekt og samarbeider med mange aktørar for å sikre desse måla:
DKS-forum i samarbeid med KS og Utdanningsdirektoratet
DKS-forum blir arrangert i samarbeid med KS og Utdanningsdirektoratet, og samlar sentrale aktørar frå utdanningssektoren og kunst- og kultursektoren. Målet for forumet er å skape dialog mellom dei to ulike sektorane og vidareutvikle DKS-ordninga, og å synleggjere verdien kunst og kultur har i grunnopplæringa.
DKS i vidaregåande skule
DKS i VGS handlar om å dele gode erfaringar, spennande prosjekt og god organisering på tvers av fylka, og å synleggjere dette. Fokusområda er godt samarbeid mellom skulesektor og kultursektor i fylkeskommunane og moglegheit for relasjonsbygging mellom DKS-einingane.
Verktøy for elevtilbakemeldingar
Verktøyet for elevtilbakemeldingar er tilgjengeleg for alle 5.–10.-klassar i Noreg gjennom DKS-portalen. Dette verktøyet gir elevane ein enkel og engasjerande måte å gi tilbakemeldingar etter å ha delteke i Den kulturelle skulesekken (DKS). For lærarane blir det ei praktisk plattform for å starte refleksjon og samtaler om opplevingane.
DKS-digital
Utviklingsprosjektet DKS-digital fokuserer på å styrkje DKS sin plass i skulen, og leggje til rette for at DKS-ressursar blir meir tilgjengelege for elevar og lærarar på dei digitale læringsplattformene dei allereie bruker, eksempelvis Elevkanalen. Auka tilgjengelegheit kan gjere det enklare for skulen å planleggje og leggje til rette for relevante læringsaktivitetar rundt kunst- og kulturopplevingane.
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få nyttig informasjon rett i innboksen!
Koplingsverktøyet
Koplingsverktøyet i DKS-portalen koplar DKS-produksjonar til læreplanverket, noko som synleggjer DKS sin relevans for innhaldet i skulen. Bruk av koplingsverktøyet kan bidra til betre for- og etterarbeid knytt til DKS-produksjonar.
DKS i lærarutdanninga
Fleire lærarutdanningar har no pilotar eller obligatorisk undervisning om DKS som ein del av utdanninga. Dette bidreg til å styrkje framtidige lærarars kompetanse om korleis å bruke kunst- og kulturopplevingar i undervisninga, og dessutan auka kunnskap og kjennskap til ordninga.
Les meir om satsingsarbeidet for å få DKS inn i lærarutdanninga
DKS kommer: ressursside om DKS for alle i skulen
Nettsida dkskommer.no er skreddarsydd til lærarar, kulturkontaktar og skuleleiarar. Vi har samla informasjon om ordninga, gir døme på rettleiingsmateriell og byr på inspirasjon.